lørdag 29. desember 2012

28. desember 2012: Sekken museumslag er 50 år!

Nemnda som arrangerte stemnet med avduking av bautastein over Håkon Herdebrei søndag 17. juni 1962, inviterte til møte på Eik skule fredag 28. desember 1962. Formålet med møtet var å stifte eit museumslag for Sekken. Til dette møtet kom det 11 personar. Møtet vedtok å stifte laget og vedtoket lover.

Øyvind Eik blei valgt til formann, og han hadde med seg eit stort styre: Bjarne Sekkenes, Kanny Eik, Augun Vestad og Håkon Vestad (alle for to år) og Ludvik Sekkeseter, Berit Sæternes, Harald Sekkenes og Anton Fenstad (alle for eit år). Varamedlmemmer: Mary Indrestrand, Gjertrud Sekkenes, Leif Indrestrand og Magny Sekkenes. Revisorar: Olaf Sæternes og Jakob Sekkenes. Årskontingent blei sett til kr. 2,00.

BILDET: Sekken museum (Eik skule / Sekken skule) nøyaktig 50 år etter at Sekken museumslag blei stifta. Foto: Øystein Eik