Det tvo hev i hop kjem ikkje ein tridje ved, heiter det for eit gamalt ord. Men likevel kan eg ikkje anna eg må skriva nokre ord kring denne striden om fylkesnamnet i Møre. Det er i grunnen forvitneleg å sjå korleis sume folk kan øsa seg på og koma i ekse over småting som ikkje våttar noko nemnande.
Kor mange dalar er det ikkje i Noreg større enn denne Romsdalen, som ikkje hev fått namne sitt lyft upp til fylkesnamn, og endå er folk like blide. Men eg hev eit framlegg å gjera til å jamna på denne striden, det er difor eg skriv.
Gjer som i Buskerud fylke der det og er mange dalar og bygdelag som kunne ynskt fylkesnamnet knytt til seg – tak namnet på ein stor gard i fylket og gjer det til fylkesnamn.
No er det kan hende inkje gardsnamn i den landsluten som kallast Møre fylke som høver til fylkesnamn. Men det er ei øy, ei stor øy kjend frå soga – Sekken. Etter kartet ser det ut til at ho ligg midt i fylket beint utanfor Romsdalen og midt mellom dei tvo Møra. Kall fylket Sekken fylke. So vert det litt symbolikk samstundes. – I ein sekk kan rømast mange ting, og i Sekken fylke måtte der verta rom for alle folkeferd der vest mot havet. – Og for ein gong skuld kunde det kan hende verta gjort skam på ordtaket tvo store kan ikkje rømast i ein sekk.»
«Ein sjølvkalla fredsmeklar.» skreiv dette innlgget i riksavisa Den 17. Mai og Romsdals Budstikke tok det inn 21. august 1931. (Utskrifta er sendt til bygdetunet.sekken.net av Ola Gjendem – Molde bymuseum.) Redaksjonen tar gjerne mot både dagaktuelle saker, historisk stoff og kuriøse godbiter.
søndag 6. februar 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar