fredag 28. mai 2010

26. mai: Grupper frå Fræna og Midsund besøkte tunet

Onsdag 26. mai var det stor trafikk på bygdetunet. Ei gruppe på om lag 30 pensjonistar frå Fræna kom med buss tidleg på formiddagen. Just Ove Westad var omvisar både på tunet, i kyrkja og vidare på turen. Gruppa hadde middag på Setergubbens Hall.

Med fireferja frå byen kom 14 medlemmer i Midsund Slekt- og Historielag. Det har vore snakk om eit slikt besøk etter at styreleiaren i museumslaget vårt deltok på ein tur som Romsdalsmuseets Venner arrangerte i Midsund. Han såg da at dei to laga kunne ha nytte og glede (som det heiter i skulestiloppgaver) av å besøke kvarandre.

Besøket blei lagt til denne onsdagen slik at gjestene frå Midsund også kunne få med seg "Trio Norbech" i kyrkja om kvelden.

Mette Heimdal Eik og Øystein Eik var vertskap på bygdetunet. Etter ei orientering ute i fineveret, gikk gruppa inn på gamleskulen og fekk blant anna sjå gjennom ein lysbildeserie med gamle foto. Deretter var det ein tur innom Mariehuset, der det også blei tid til eit musikkinnslag.

Etter konserten i kyrkje tok styremedlem og bussjåfør Jon Ingar Eik gjestene med til Ungdomshuset, der det blei servert bacalao. Dit kom også musikarane etter at dei hadde rigga ned i kyrkja.

Fleire styremedlemmer og gode hjelparar deltok med transport og andre oppgaver. Midsundingane fekk med seg ein tur om Melvikvegen før avgang med ferja kl. 21.30.

BILDE 1: Gamle foto på storskjerm i gamleskulen. BILDE 2: Bacalao på Ungdomshuset. Kjell Magerøy takka på vegne av Midsund Slekt- og Historielag. KLIKK PÅ BILDA for å forstørre. Foto: Øystein Eik













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar